Samarbeid MHS – det lutherske fakultetet på Madagaskar (SALT)

MHS har eit nettverkssamarbeid med det lutherske teologiske fakultetet på Madagaskar (SALT) og hausten 2009 har to av lærarane frå MHS vore gjeste-førelesarar i Fianarantsoa.

Jesosy no fanorenana - Jesus er grunnmuren - står det på biblioteksbygget ved det lutherske teologiske fakultetet i Fianarantsoa, Madagaskar. Det bygget er frå 1961 og hovudbygninga er ennå mykje eldre, så oppussing trengst sårt. Alle romma kan ikkje eingong brukast der; så dårleg forfatning er dei i.

Jesus er grunnmuren – eit motto for det lutherske teologiske fakultetet på Madagaskar

Likevel gjer lærarar og studentar ein stor innsats til beste for den kyrkja som fakultetet er sett til å tena. Det er nå 34 studentar i den eldste klassen og 18 i den yngste, både kvinner og menn. Dei aller fleste av mennene har tidlegare praktisert som prestar i den lutherske kyrkja, medan kvinnene også har teologisk grunnutdanning og kyrkjeleg erfaring. Dette gjer undervisningssituasjonen ekstra spanande. Studentane har kjent på kroppen kva kyrkje-kvardagen krev og dei er ivrige etter å skaffa seg meir kunnskap og innsikt.

I november var førsteamanuensis i praktisk teologi, Hans Austnaberg, innom og hadde eit kortkurs i preikelære saman med dekanus ved fakultetet, dr. Lotera Fabien. Undervisninga gjekk på gassisk språk og det var interessant å vera tilbake i Fianarantsoa. Frå 1988-90 var denne institusjonen vår arbeidsstad og me tok såleis del i oppstarten av fakultetet i 1989. Den yngste klassen er nå det 11. kullet som studerer der sidan starten (SALT 11).

Dekanus ved fakultetet og Hans Austnaberg underviser studentane i preikelære

I desember var professor i Det nye testamente, Jostein Ådna, ved fakultetet og underviste studentane i Openberringsboka. Val av tema var etter ønske frå fakultetet, sidan det er mange nye kyrkjer som tolkar den apokalyptiske litteraturen utan å kjenna den historiske og eksegetiske bakgrunnen for boka. Undervisninga gjekk føre seg på engelsk, med tolk.

Dekanus ved det lutherske fakultetet, dr. Lotera Fabien, har tidlegare besøkt MHS, der han også hadde noko undervisning. To av lærarane derifrå førebur nå sine doktorgrader ved MHS, over ein periode på seks år.

Nokre av studentane utanfor hovudbygninga på fakultetet (SALT)
Publisert: 2010‑01‑05

Jeg valgte MHS og er svært fornøyd med både studiemiljøet, fagene og ikke minst de interessante studieturene.

Kristoffer Mæle Thuestad

MHS video

Se denne og flere videoer i høy oppløsning på MHS sin YouTube-kanal

Kalender

Fre 2. mar
► 223

Høgskolestyremøte

Lør 10. mar

Hva kan kristne og nyåndelige lære av hverandre? - seminar på Utstein Kloster

Ons 14. – 15. mar
► Sølvberget, Stavanger

Konferanse om reintegrasjon av barnesoldater i Stavanger

Tor 22. mar 11:00
► MHS

Karrieredag på MHS